Create Your First Project
Start adding your projects to your portfolio. Click on "Manage Projects" to get started
"Evig hymne" - Minneutstilling (2025)
Prosjekttype
Minneutstilling
Dato
07.06 - 06.07. 2025
Plassering
Rosendal
Utstilling i Galleri G. Guddal sommeren 2025
"Eva Harr var den gode «fødselshjelparen» då galleriet starta opp i 1993. Ho var til stades då spørsmålet om å driva galleri kom opp, ho hjelpte til med kontakt inn mot kunstnarane den første tida og ho og mannen var også konsulentar i flyttefasen til Guddal. Kunstnaren har hatt fleire utstillingar i Rosendal. Det er difor heilt naturleg å laga denne minneutstillinga i galleriet dette året." - Gallerist Gøril Guddal
Eva Harr (f.1951) gjekk bort i februar 2024, mens ho framleis var på høgda som biletkunstnar. Ho har etterlete seg eit eige biletunivers som alltid vil leva vidare, og i denne utstillinga vil vi løfta fram nokre høydepunkt frå hennar lange karrier som grafikar og malar. Ho begynte som grafikar på 70-tallet, med djuptrykk og litografi i svart-kvitt, men trekte seinare inn fargane og fekk sin personlege koloritt, som etter kvart blei svært karakteristisk for hennar biletspråk. På 90-tallet utvida ho også repertoaret med maleri, ofte i store format. Uavhengig av uttrykksform og koloritt, har bildene alltid vore prega av stillhet og refleksjon, undring og melankoli.
Forletne hus, utpostar og sjømerke har vore gjennomgåande element i hennar motivkrets, forutan dei lågmæla landskapa. Ho prøvde aldri å gjengje naturen slik den framstår, men snarare ein tilstand eller stemning. Slik betrakta ho landskapet og naturen nordpå som sitt symbolspråk.